Dermed er ein årelang debatt og dragkamp mest truleg sluttført i Herøy kommunestyre.

Fleire i Høgre ga beskjed om at dei ville stemme saman med Arbeidarpartiet, for å prioritere fiskeriinteressene på indre hamn, framfor sentrumsutvikling på ytre hamn.

– Hadde valet stått mellom desse to alternativa, hadde det i dag blitt fleirtal for å legge deponiet til indre hamn, sa Høgre sin Stig Arne Sævik rett etter av vedtaket var gjort.

Sævik var ein av dei som ville ha stemt saman med Ap.

Men i siste liten vart det forhandla fram ei delt løysing. Etter mange og lange samtalar med grunneigarane, var ei delt løysing klar dagen før kommunestyre-møtet.

  • Det blir slamdeponi og kai framfor fiskebedrifta Fosnavaag Pelagic på indre hamn. Dette blir ei kai som fiskebedrifta sjølv seier kan legge grunnlag for opptil 50 nye arbeidsplassar i Fosnavåg, med ny filetfabrikk og nytt fryseri.

  • I tillegg kjem eit deponi ute ved innløpet til hamna for å skape nytt landareal der, men i ei mindre utgåve enn tidlegare planlagd.

H + Ap

Etter avstemminga var det tydeleg at både Stig Arne Sævik (H) og Svein Gjelseth (Ap) var blide og godt nøgde.

– Eg er veldig nøgd med at vi har fått fram interessene til Fosnavaag Pelagic, seier Stig Arne Sævik.

– Eg syns det er kjempekjekt at vi klarte å få opp att denne saka, og gjere om det vedtaket som Høgre hadde om deponi på ytre, sa Gjelseth.

Gjelseth og fleire andre i opposisjonen forsøkte å skru opp igjen temperaturen i debatten kommunestyresalen. Men overfor Sunnmørsposten innrømmer fleire med smil om munnen at dei at alt i alt er dei ganske nøgde med resultatet.

Gav ordføraren kritikk for drit

Debatten om plasseringa av dei forureina massane var relativt reinsleg. Men på eitt punkt rann det over for ein irritert Arnulf Goksøyr. Då fekk han kritikk frå eigen partifelle Marthe Vågsholm Sævik.

Kjell Runde frå Folkelista hadde først forlangt å få vite kva det kostar med ei delt løysing.

– De drit i pengane. Folkelista har i programmet at det skal byggjast deponi på indre uansett, sa ein irritert Goksøyr i sin replikk.

Like etter kom kommunestyret sin nest yngste representant, 23-årige Marthe Vågsholm Sævik frå Høgre, på talarstolen og kritiserte voldsom ordbruk i kommunestyret.

– Er det dissing av parti, eller er det vedtak i saker vi driv med. Ver så snill, snakk fint til kvarandre, sa Marthe Sævik med adresse til fleire.

Få minutt etter tok ein annan markant representant ordet, Bjarne Kvalsvik frå Folkelista. Han støtta tanken til Marthe Sævik.

– Mitt inntrykk er at Herøy kommunestyre aldri har vore ein søndagsskule. Men la oss prøve å snakke finare til kvarandre, sa Kvalsvik.

Fleire millionar kroner dyrare

Denne delte løysinga gir ein ekstrakostnad for kommunen på mellom fem og ti millionar kroner, trur Kystverket sin Terje Misund.

– Eg syns at det er ein pris som vi kan betale, dette kjem Herøy til gode på lengre sikt, seier Stig Arne Sævik.

Om få år skal Kystverket utdjupe Fosnavåg hamn ned til minus 8,3 meter. Det meste av massane er forureina, og mykje av debatten har gått på korleis dei forureina massane kan deponerast trygt for ettertida.

Løyste vanskeleg knute

Nyleg bestemte Kystverket seg for at dei vil nytte molo, og ikkje spunt, for å bygge inne dei forureina massane.

Dermed datt brikkene raskt på plass, fortel utviklingsleiar Jarl Martin Møller i Herøy kommune.

For med molo er ikkje Sævik Invest, naboen til Fosnavaag Pelagic, lenger interessert i å vere med på prosjektet.

Dagen før kommunestyre-møtet hadde kommunen eit møte med Kystverket. Dei landa på ei delt løysing, mot at kommunen betaler ekstrakostnader med molo på indre hamn.

– Betre enn vi drøymde om

Den reduserte løysinga på ytre hamn gjer at fleire i opposisjonen er relativt nøgde:

  • Moloen som skal beskytte forureina massar blir meir gunstig plassert for uvêr.

  • På ytre hamn kan isanlegget halde fram som i dag.

  • Og på indre hamn er Fosnavåg Notbøteri positiv til vedtaket.

Rundt 10 grunneigarar er berørt av vedtaket.

– Dette er ei kjempeløysing som alle skal vere nøgde med. Vi fekk meir enn vi kunne drøyme om i starten, seier Goksøyr.