Det opplyser vakthavande i tårnet på Hovden til smp.no.

– Vi mista eit fly til Vigra på grunn av sterk vind.

– Kva med flytrafikken i ettermiddag?

– Vi reknar med at flytrafikken går som normalt i ettermiddag.

Både vind og tåke på Hovden gjorde at Widerøes fly av typen Dash 8 flaug til Vigra, før det returnerte til Oslo.

Det var rundt 20 personar på flyet. Desse blir frakta med buss til Ørsta-Volda-området.

– Flyet tok ein runde til Ulsteinvik og tilbake til Hovden først. Det var mykje turbulens då vi skulle lande på Vigra, seier passasjer Stian Ristesund til smp.no.

Reisemålet er Larsnes i Sande, og ville helst ha tatt hurtigbåten frå Ålesund til Hareid, men også den er i innstilt på grunn av vinden.