59 prosent av dei som røysta i folkerøystinga i Hareid måndag, sa nei til å gå saman med Ulstein.

Berre 40 prosent røysta for å gå saman med nabokommunen, og eit lite fåtal røysta veit ikkje, viser resultata på heimesidene til Hareid kommune.

– Er no samanslåing med Ulstein skrinlagd?

– Nei, folkerøystinga skal vere ein del av grunnlaget vi skal avgjere dette på.  Innbyggjarundersøkinga - som ikkje gav noko klart svar - er også ein del av grunnlaget for kva vi skal gjere. Det same er rådmannen sine vurderingar, seier ordførar Anders Riise til smp.no seint måndag.

Kommunestyret i Hareid skal møtast om saka onsdag 31. august.

Negativt i undersøking

Tidlegare på kvelden ble resultata frå spørjeundersøkinga mellom 500 personar av lagt fram.

– Rett å spørje

Valdeltakinga var på 54 prosent, noko ordføraren seier seg godt nøgd med. Det er langt høgre enn då folket røysta over Runde og Ålesund kommune, då deltakinga enda på 42 prosent.

Ordføraren meiner dette viser at kritikken frå politiske motstandarar kring prosessen, var urimeleg - og at det var rett å spørje folket om Ulstein-alternativet.

– Det betyr at også prosessen står sterkare og gir kommunestyret eit solid grunnlag for å ta sine vurderingar, seier Riise.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no