I sakspapira kom ordførar Anders Riise (H) med ei tilråding til kommunestyret som opposisjonen oppfatta som tvitydig. Riise konkluderte med at folkeviljen skal følgast, det vil seie nei til kommunesamanslåing. På den andre sida skreiv han at det «samla sett er fleire fordelar enn ulemper med å slå seg saman med Ulstein.»

Usemje om posisjon

Usemja står om korleis Hareid skal posisjonere seg til krav ovanfrå om samanslåing med ein annan kommune. Ordføraren har samanslåing med Ulstein som plan B, og ville ha dette inn i kommunestyrevedtaket.

– Det naturlege er Hareidlandet kommune. Det er nærast opp til folkeviljen, sa Riise i kommunestyret.

Men han møtte motbør mot å namngi ein partnar i tilfelle tvangsekteskap.

– Det nye vedtaket må vere klart for at vi skal kunne halde fram åleine. Det må ikkje vere eit tilskodda vedtak som seier ja takk begge deler, sa Bernt Brandal frå Folkelista for Hareid kommune.

Truslar og skitkasting

Debatten kom til å dreie seg om kor stor trusselen om tvangssamanslåing er, og om intensjonsavtalen med Ulstein skulle gravleggjast ein gong for alle.

– Eg vil stemme for at Hareid kommune skal halde fram åleine, men eg vil sende vidare den intensjonsavtalen eg meiner er best. Hareidlandet kommune er det einaste reelle alternativet. Det er ikkje vi som gjer det endelege vedtaket og då er det naturleg å peike på kva retning vi vil gå, sa Annika Brandal (V).

Kommunestyrerepresentanten fortalde at debatten om kommunereforma har vore ei stor påkjenning.

– Den siste veka har vi politikarar vore utsett for press, til dels truslar og skitkasting, sa ho. Ordføraren omarbeidde sitt forslag, men opposisjonen, med Folkelista i spissen, meinte dette berre var kosmetisk. Det enda med fleirtal for eit fellesforslag frå Truls Røyset Håbakk (Frp) der det står at intensjonsavtalen med Ulstein skal leggast til grunn om det kjem krav om samanslåing. Men helst vil altså Hareid stå åleine.

<strong>Tøffe tak:</strong> Annika Brandal (V) fortalde at det har vore ein tøff debatt om kommunesamanslåing.