– Eg blei veldig paff då eg fekk spørsmål om å vere festspeldiktar. Litt stolt, glad og engsteleg på ein gong, seier Lars Mæhle.

Han er spesielt glad for at barne- og ungdomslitteratur blir tematisert, og ser fram til å jobbe fram prosjekt saman med andre kunstnarar i dette feltet.

Flest bøker for born og unge

Festspelpublikummet kan gle seg til å møte ein aktuell forfattar med ein svært mangfaldig forfattarskap, skriv festspela i ei pressemelding.

Mæhle skriv i fleire ulike sjangrar, og til våren kjem han med to rykande ferske bøker – ei ungdomsbok og ei krimbok for vaksne.

I forfattarskapen hans er det flest bøker for born og ungdom.

– Med Mæhle som festspeldiktar, løftar vi fram både artige og viktige bøker for born og unge, og Festspela vil også bere preg av hans særeigne blanding av humor, spenning og alvor, seier dagleg leiar Gaute Øvereng i Ivar Aasen-tunet

Fantasyroman

Det store gjennombrotet kom i 2009 med fantasyromanen Landet under isen. Mange kjenner nok også barnebøkene om dei sære typane Harry og Ivar og Leseløve-serien om Knoterud FK.

Mæhle bur i Oslo og er forfattar på heiltid. Han vaks opp på Sunndalsøra og brukar framleis heimstaden som bakteppe og inspirasjon for mange av bøkene sine.

Manusforfattar for ny framsyning

Mæhle er også manusforfattar for den nye framsyninga frå Aasen-tunet, Lurivar og det hemmelege skrinet. Denne er for tida på turné på barneskular i Sogn og Fjordane som del av Den kulturelle skulesekken, og er svært aktuell til Festspela neste år.

– Vi har ein god dialog med festspeldiktaren om programmet, og med ein så mangfaldig forfattarskap kan vi verkeleg boltre oss, seier programansvarleg Monika Haanes Waagan.

Dei nynorske festspela vil som tidlegare innehalde konsertar, litteratur, samtalar, kunst og eigne program for born og unge. Festspela blir arrangert i Ivar Aasen-tunet og andre stader i Ørsta og Volda 29. juni–2. juli 2017.

Les frå Festspela i sommar: