- Truslane vart framsatt mot ei kvinne han har ein relasjon til, seier vakthavande operasjonsleiar Sindre Molnes i politiet på Sunnmøre.

Mannen, som er i 30-åra, blir fredag kveld køyrt til arresten i Ålesund.

- Det er ikkje alle truslar som gjer at vi pågriper personar. Slik politiet vurderer det, var desse truslane såpass alvorlege at vi har sikra oss bevis, og vi har pågripe mannen etter ordre frå vakthavande jurist, seier operasjonsleiar Molnes.