I 20-tida laurdag kveld rykka politiet ut til asylmottaket i Fosnavåg etter melding om at fleire der var involvert i slåstkamp.

Klokka 20.22 opplyste politiet at dei var på staden. Ein time seinare hadde politiet ikkje full oversikt over kva som har skjedd.

– Det vi veit er at det var slagsmål mellom fleire personar. Det er berre mindre skadar på dei involverte, seier vakthavande operasjonsleiar John Bratland i politiet på Sunnmøre.