Kommuneoverlegen i Volda og Ørsta har fått ein klage frå ein person i Ørsta, som går på at nabokatten påfører henne og eigedomen hennar sjenanse. Det skriv avisa Møre.

Klagaren skriv at nabokatten er så aggressiv og trugande at ho blir utrygg, redd og uroa for at det skal gå ut over livskvaliteten til både henne sjølv og hennar eigen katt.

Meir venlegsinna

Kommuneoverlegen bed eigaren av den sinte katten om snarast å setje i verk tiltak slik at det påklaga forholdet snart vert retta opp. «Det er mange tiltak som kan vere aktuelle og som kan eliminere eller redusere problemet. I verste fall kan nødvendige tiltak vere å omplassere katten eller å erstatte han med eit meir venlegsinna eksemplar» heiter det i brevet frå kommuneoverlegen.