Ambulanse og brannvesenet kom først til staden, opplyste politiet på Sunnmøre på Twitter ved 18-tida.

To personar frå bilen blei brakt til sjukehus etter ulukka. Den eine blei køyrt med vanleg ambulanse til sjukehuset i Volda og ein blei floge med luftambulanse til Ålesund sjukehus.

Den eine av dei skadde - ein mann som vart brakt til Ålesund - slapp med lettare skader, opplyser Helse Møre og Romsdal seint laurdag kveld. Skadeomfanget for den andre personen er ikkje kjent.

– Dei første meldingane gjekk på at det var ein bil som hadde hamna i grøfta, og opp på vegen igjen, fortel politiet sin operasjonsleiar, Tove Holst-Dyrnes, til smp.no.

Det er teke avhøyr av vitne, men politiet hadde laurdag kveld ikkje fleire opplysningar om korleis ulukka hadde skjedd.