Mannens sin forsvarar opplyser at mannen i 30-åra som no er sikta for grov narkotikakriminalitet, seier han skulle ha narkotikaen sjølv.

– Ikkje for sal

Den sikta samtykka til å bli fengsla i Sunnmøre tingrett for fire veker den 31. mars. Ifølgje forsvararen erkjenner mannen at han har oppbevart narkotikaen.

Men han er ikkje samd i opplysningane politiet gjekk ut med onsdag, om at den Volda-busette mannen reiste til Austlandet for å hente narkotika som skulle seljast på Sunnmøre.

– Han erkjente med ein gong oppbevaring av stoffet og viste politiet kvar dei kunne finne det. Men han seier at dette var til eige bruk, seier advokat Morten Bjønness.

Lensmann: – Gjennombrott

Lensmann Guttorm Hagen meiner beslaga av kring 2,5 kilo amfetamin og hasj er eit gjennombrott mot eit miljø i Volda som dei òg koplar til anna kriminalitet.

– Vi har sett at det har vore ein del lovbrott knytt til dette miljøet, seier Hagen og fortel at det dreiar seg om alt frå vald, truslar, tjuveri og skadeverk.

– Gjennombrott Lensmann Guttorm Hagen seier beslaga er eit gjennombrott i etterforskinga av eit miljø i Volda som politiet også koplar til kriminalitet som truslar, vald, tjuveri og skadeverk. Arkivbilde Foto: Svein Nordal

Advokat Bjønnes vil ikkje svare på det no, men seier at det skal bli interessant å høyre grunngjevinga frå lensmannen når saka kjem for retten.

I fengslingspapira blir det vist til ein anna tiltale mot mannen, men forsvararen opplyser at dette i hovudsak ikkje er narkotikakriminalitet.

Politisamarbeid

Politiet har samarbeida med politiet på Austlandet i etterforskinga.

To gongar blei mannen ransaka, ein gong i bil på Austlandet, då han skal ha vore på veg i bil til Volda. Den andre gongen var ved eit busstopp i Volda etter at han skal ha kome frå Austlandet.

Ifølgje papira frå tingretten blei først funne kring 1,7 kilo amfetamin, og ei veke etterpå teke beslag i kring ein halv kilo amfetamin og hasj.

(saka held fram under)

– Meiner politiet det har vore ei oppblomstring av narkotikabruk i Volda?

– Som i andre tettstader er det også ein del misbruk i Volda, og vi har retta innsatsen mot dette miljøet, svarar Hagen.