Sjå eit kort videoklipp frå redningsaksjonen over - video: Kjell Egil Hanken

Ifølgje politiet hadde kvinna falt og skada seg i Molladalen laurdag ettermiddag.

– Ho er brakt til sjukehus, men vi kjenner ikkje til skadeomfanget, ettersom dette ikkje blei sett på som ei politisak, seier operasjonsleiar Arild Reite i politiet på Sunnmøre.

Ifølgje ein tipsar var det to helikopter som deltok i aksjonen i det populære turterrenget.

Helse Møre og Romsdal melder natt til søndag at det er ei kvinne i 50-åra som er skadd i ulukka.

Ho er innlagd ved Ålesund sjukehus, og får intensiv behandling for det som blir omtalt som moderate skader.