Dette bildet vart teke 8. september. Torsdag er entreprenørane klare til å opne fv 60 for gjennomgangstrafik.
            (Foto: Bengt Flaten / Fjordingen)

Dette bildet vart teke 8. september. Torsdag er entreprenørane klare til å opne fv 60 for gjennomgangstrafik.Foto: Bengt Flaten / Fjordingen

Fv 60 gjennom Utvik opnar torsdag

Torsdag midt på dagen er det klart for opning av fv 60 gjennom Utvik.

(Fjordingen:) Gjennomfartsvegen vart totalt rasert i storflaumen 24. juli. Sidan den gong har det pågått eit omfattande arbeid med å byggje opp vegen og sikre både vegen og elva.

Medan dette arbeidet har pågått, har trafikken gått med ledebil på omkøyringsvegen gjennom Hage.

Målsetjinga for Statens vegvesen var å opne fv 60 20. september. Men Lars Erik Karlsen i Statens vegvesen seier entreprenørane trengte nokre få timar meir for å bli klare.


Næringslivet i Stryn orka ikkje vente lenger:

Bestilte og betalar asfaltering i sjølv

Fredag vakna Utvik opp til nyasfaltert veg gjennom Hage. Betalt av næringslivet i Stryn, med klar melding om at dette er gjort for å kunne opne omkøyringsvegen heile døgnet, også for større køyretøy.

– Det står att noko asfaltering og rekkverksarbeid. Onsdagen går med til dette. Omkøyringa fungerer såpass godt at det ikkje er nokon krise. Det er betre å vere sikre på at vi kjem i mål, seier Karlsen.

Vegen vert opna med eitt lag asfalt. Så er vegvesenet i full gang med å leggje asfalt over heile Utvikfjellet. Når asfalteringa kjem fram til Utvik, vert det eit lag nummer to også på vegen som er bygd opp, og heilt gjennom Utvik sentrum.

– Korleis har arbeidet gått?

– Det har gått bra – omfattande og hektisk på eit lite område. Vi er ikkje ferdige, og vil halde fram blant anna med å sprengje oss ned i elveløpet i vekene framover, seier Karlsen.


Flaumen herjar i Nordfjord - vegar stengt og bygningar øydelagd

Store nedbørsmengder det siste døgnet har gitt utfordringar – i første rekkje i Nordfjord.

 
Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

«Folkets lag» gir sine beste råd

11 råd mot AaFK-nedrykk

Mange kamper uten seier og nest sist på tabellen fire kamper før sesongslutt i Eliteserien. Vi spurte 11 tilfeldige personer på gata i Ålesund: Hva er ditt beste råd til AaFK for å unngå nedrykk?