Politiadvokat Yngve Skovly og forsvarar Morten Johan Bjønnes i samtale i Søre Sunnmøre tingrett onsdag.
            (Foto: Joachim Åsebø)

Politiadvokat Yngve Skovly og forsvarar Morten Johan Bjønnes i samtale i Søre Sunnmøre tingrett onsdag.Foto: Joachim Åsebø

Eitt år og ni månader i fengsel for narkotika

Volda-mannen fekk ti månader strafferabatt for å tilstå og å hjelpe til med etterforskinga.

Ein 37 år gammal mann, busett i Volda kommune, er i Søre Sunnmøre tingrett dømd til fengsel i eitt år og ni månader for totalt tretten lovbrot.

Mannen oppbevarte meir enn to kilo amfetamin, eit stoff som er sterkt helsefarleg, skriv tingretten i dommen. Han oppbevarte også meir enn eit halvt kilo hasj. I tillegg er han tatt for å selje ei mindre mengd narkotika på gata i Oslo.

Han sa seg skuldig i totalt tretten tiltalepunkt då saka hans var oppe i Søre Sunnmøre tingrett denne veka. Han har også bidratt til etterforskinga. Det ga ein strafferabatt på til saman ti månader.

Mannen er også frådømd retten til førarkort for all tid. To gonger er han tatt for å køyre bil påverka av narkotiske stoff. Det følgjer av vegtrafikklova § 33 og tapsforskrifta § 3-3 at retten då skal fastsette tap av førarretten for alltid, går det fram av dommen i Søre Sunnmøre tingrett.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Førpremiere på spillefilmen «Rett vest» på Ona:

– En skikkelig god-film

DIREKTE: Henrik Kristoffersen jakter sesongens første seier

Følg første omgang av storslalåmrennet fra klokken 9.30.