Ferja har gjort skadar på kaifronten på Sæbø.
            (Foto: Tipsar/Møre-Nytt)

Ferja har gjort skadar på kaifronten på Sæbø.Foto: Tipsar/Møre-Nytt

Ferje gjekk på land 

Fjord1-ferja Goma krasja med kaia på Sæbø.

SISTE: – Det vart skadar på treverket og betongen på kaia. Så vidt vi veit til no, er det ikkje skadar på skroget på ferja. Det vil likevel gå ned ein dykkar for å kontrollere, fortel operativ leiar Bjørn Arild Sekkenes i Fjord1 til Møre-Nytt. Ifølgje avisa har ferjemannskapet rapportert at dei fekk problem med manøvreringssystemet om bord undervegs frå Trandal til Sæbø, og at dette er forklaringa på kvifor ferja gjekk i kaia.

Etter hendinga har sambandet vore betjent av ein passasjerbåt, men frå klokka 19.45 måndag kveld (avgang frå Standal) skal det vere normal drift der, berre med B/F «Dalsfjord» som ferje.

(Møre-Nytt:) Fjord1-ferja «Goma» er ute av drift, etter at ho kring kl. 10.25 gjekk i land ved sida av ferjekaia på Sæbø, og trefte sjølve kaia.

- Vi har ein uavklart situasjon. Men vi kan stadfeste at ferja no er ute av drift, får Møre-Nytt opplyst frå mannskap om bord på Goma.

Eit augevitne fortel til Møre-Nytt at han såg at ferja hadde problem på veg inn mot ferjekaia på Sæbø.

- Det vart gjort forsøk på å hive ut anker m.a., fortel vitnet.

Klokka 11.30 fortel Møre-Nytt sin mann på staden at ferja er ute av drift inntil vidare, og at det vert jobba for å få tak i ein skyssbåt som kan frakte passasjerar. Det er ikkje synlege skader på ferja, men kaia er skadd.

- Eit hell i uhellet er at det var flo sjø. Så det ser ut til at ferja har gått klar botnen, seier Møre-Nytt sin reporter.

Mannskapet ønskjer ikkje å kommentere hendinga.

Saka vart først publisert av Møre-Nytt

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Ferja Goma er den eldste i vanleg rutetrafikk på Sunnmøre og vart bygt i 1968.
            (Foto: Svein Aam)

Ferja Goma er den eldste i vanleg rutetrafikk på Sunnmøre og vart bygt i 1968.Foto: Svein Aam

Leses nå