Svært vanskelege køyreforhold i Ørnesvingane i Geiranger søndag. 
            (Foto: Maria Dahl Wattø )

Svært vanskelege køyreforhold i Ørnesvingane i Geiranger søndag. Foto: Maria Dahl Wattø

OBS-varsel for søndag – veret kan skape krøll

– Vil absolutt ikkje anbefale å køyre over fjellet med sommardekk

Veret kan skape krøll i trafikken i helga. Sjekk vegmeldingar for der du skal køyre.

Dei som skal ut i trafikken i løpet av helga gjer lurt i å følgje med på føreforholda. For Møre og Romsdal og Trøndelag er det sendt ut OBS-varsel om dårlege køyreforhold søndag. Årsaka er sludd og snø.

Søndag ettermiddag er det meld om bilar i grøfta fleire stader.


To utfor på sommardekk – begge mista lappen

Fleire bilistar køyrde utfor vegen ulike stader på Sunnmøre. To av dei må klare seg utan førarkort ei stund.

– Dette er eit eksempel på eit parti som blir veldig glatt. Det er vanskeeg å få strødd kontunuerlig når det kjem så tett med snø. Vi kan ikkje vere overalt, så då bygger det seg opp litt før vi rekker over, seier trafikkoperatør Roger Dalsaune i Statens vegvesen.

– Vi må berre forhalde oss til at vinteren kjem. Folk bør absolutt køyre forsiktig i høgda. Og eg vil absolutt ikkje anbefale å køyre med sommardekk i fjellet no, seier han.

Ut på vegen?

Sjekk vegmeldingar for Møre og Romsdal her (ekstern lenke)

Sjekk vegmeldingar for Sogn og Fjordane her (ekstern lenke)

Måtte snu

Ørnesvingane i Geiranger er ein av stadene der det har kome mykje nysnø. Her er det svært vanskelege køyreforhold, fortel Maria Dahl Wattø til Smp.no. Ho skulle køyre frå Geiranger til Valldal, men måtte gi opp.

Geiranger søndag ettermiddag. 
            (Foto: Maria Dahl Wattø )

Geiranger søndag ettermiddag. Foto: Maria Dahl Wattø

– Der var ikkje brøyta. Eg fekk akkurat til å snu før eg køyrde meg fast. Det er cirka 10 cm med snø i vegbana, og typisk nullføre med slaps og snø. Ein bil sto i grøfta, fortel ho.



Også vegvesenet sine webkamera viser at det er snø og slaps på vegen flere steder.

Ørskogfjellet Strekningen er både E39 og E136
            (Foto: Statens vegvesen)

Ørskogfjellet Strekningen er både E39 og E136Foto: Statens vegvesen

Fjellovergangar

Over Strynefjellet melder vegvesenet om snødekke, kulde, glatt vegbane og redusert sikt grunna stort snøfall.

Fv 44 over Sognefjellet i Sogn og Fjordane er stengt på grunn av uvêr, og ny vurdering blir teke klokka 12.00.

Også Trollstigen og Geiranger-Langvatn er stengt.

Ferjetrøbbel på Anda-Lote

Søndag morgon melde Vegtrafikksentralen at ferjestrekninga Anda-Lote er innstilt på grunn av sterk vind og straum.

Ferja var innstilt store delar av søndag. Klokka 15.55 er ho tilbake i drift, ifølgje NRK.

Ferja låg til kai på Lote, og ein gjorde i 12-tida eit forsøk utan bilar på å ta ferja over. Men dette gjekk ikkje, og sambandet blir vidare stengd utover dagen, melde Fjord1 12.22.

Også laurdag var sambandet stengd, då grunna dårleg vêr. Då måtte bilferja «Sognefjord» gi opp og Fjord1 valde å byte ut ferja med «Selje» som gjekk på sambandet laurdag, men søndag måtte også «Selje» gi tapt. Den siste tida har køane på Anda-Lote vore lange, medan den faste ferja MF «Årdal» er på verkstad.

Også sambandet Stårheim-Isane i ytre Nordfjord blei søndag innstilt på grunn av tekniske problem med ferja «Sognefjord». Sambandet er no i drift igjen, etter byte av ferja, melder vegtrafikksentralen 15.15.

Ras stengde vegar

Fylkesveg 651 blei stengt laurdag på grunn av eit jordras, ifølgje vegtrafikksentralen i Trondheim. Vegen blei stengt ved Geislida mellom Straumshamn og Høydalsneset om føremiddagen. Ved 11-45-tida kom meldinga om at vegen var opna igjen.

Også fylkesveg 664 Grodås-Otterdal i Hornindal blei stengt laurdag etter at det gjekk eit steinras over vegen natt til laurdag. Raset var om lag 50 meter i breidde, skriv Fjordingen.

Ras Eit steinras sperra laurdag vegen mellom Grodås og Otterdal i Hornindal. 
            (Foto: Privat /Fjordingen)

Ras Eit steinras sperra laurdag vegen mellom Grodås og Otterdal i Hornindal. Foto: Privat /Fjordingen

Laurdag kveld blei også denne vegen opna for trafikk.

– Der var ein god del stein som losna ganske høgt oppe. Vi har vore der i dag med helikopter og geolog og sett på området, og det såg ganske bra ut, så no valde vi å opne igjen, seier Lars Erik Karlsen, som er prosjektleiar for drift og vedlikehald Fjordane i Statens vegvesen.

Betydeleg snøskredfare

Grunna mykje snø og kraftig vind i fjellet i helga, særleg på Nordvestlandet, melder varsom.no at det kan gi betydeleg snøskredfare.

– I løpet av helga kan det kome 50-70 mm nedbør som kjem som snø i høgda. Det, kombinert med sterk vind, vil gi pålagring av ferske fokksnøflak i leområde som treng tid for å stabilisere seg, skriv varsom.no i varselet.

Se under: Vindvarsel de neste 12 timene:



Nedbør de neste 12 timene:


Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten: