E39-strekninga blei opna raskare enn frykta  og ved 14-tida opplyser vegtrafikksentralen i ei Twitter-melding at vegen ved Rjåneset er ope igjen.

– Det som står att no er å vurdere nokre fysiske skader i vegbanen, og om desse må reparerast før trafikken kan setjast på att, seier operasjonsleiaren til smp.no.

Ved 13-tida melde vegtrafikksentralen at trafikken på ferjesambandet Festøy-Solavåg gjekk som vanleg, etter at eine ferje vart sett inn på Hareid-Sulesund.

Ga grønt lys

Geolog har vore på staden for raset og gitt klarsignal til at vegen kan opnast att, etter raset der ein personbil vart sitjande fast i sjutida torsdag morgon.

Fire kvinner sat i bilen, ei av dei vart lettare skadd. Det skal vere bilen som har køyrt inn i steinblokkene, og dermed ikkje raset kom kom deisande og trefte bilen.

Vegmeldingar frå vegvesenet for Møre og Romsdal (ekstern lenke)

Vegmeldingar frå vegvesenet for Sogn og Fjordane (ekstern lenke)