(Møre-Nytt) Det er selskapet Bøstrand Miljø og Gjenvinning som står bak det nye tilbodet.

– Vi har konsesjon på å ta imot 750 bilvrak i året, men legg lista på eit par hundre førebels, seier Andre Ose Bøstrand, dagleg leiar i Bøstrand Miljø og Gjenvinning.

Broren Yngve er dagleg leiar for Bøstrand Kran og Containerservice, som samarbeider om innsamlinga av bilvrak.

– Vi kan tilby å kome og hente bilvrak, og det er noko mange vil ha hjelp til. Vi syter også for hjelp til naudsynt papirarbeid, slik at bileigarane får vrakpanten, seier Andre Ose Bøstrand.

Hovdebygda

Mottaket og gjenvinninga skal skje på industriområdet bak flyplassen i Hovdebygda.

– Eg er ikkje i tvil om at det er behov for eit slikt mottaksanlegg. Vi ligg sentralt mellom Ørsta og Volda, og vi reknar med å få kundar frå heile regionen, seier Andre Ose Bøstrand.

Skrapmetall

Dei to Bøstrandbrørne satsar og på innsamling og gjenvinning av skrapmetall.

– Vi reknar med at vi kan ta imot fleire hundre tonn skrapmetall frå heile Søre Sunnmøre og Kvivsveg/Eiksund-regionen. Og vil reise rundt for å samle inn. Dette kan vere eit godt tilbod mellom anna til gardbrukarar som har gamle og tunge landbruksmaskinar ståande, seier Andre Ose Bøstrand.

Lokal aktivitet

Yngve og Andre Ose Bøstrand eig Bøstrand Miljø og Gjenvinning saman. Selskapet har fire tilsette.

– Vi håper å styrke bemanninga etter kvart som aktiviteten aukar. Vi har fleire planar som vi lyt kome tilbake til seinare. For oss er det viktig å skape arbeidsplassar og aktivitet lokalt, seier Andre Ose Bøstrand.

Denne artikkelen vart først publisert av Møre-Nytt