Ein bil køyrde i grøfta langs E39 i Ørsta tidleg onsdag, opplyser politiet i Møre og Romsdal i ei Twitter-melding.

Det var berre ein person i bilen som blei teken hand om av brannvesenet til ambulanse kom til staden, iføgje 110-sentralen for Møre og Romsdal.

Sjåføren verka uskadd etter utforkøyringa, og ville ikkje la seg undersøke av traumemottak. Politiet mistenkjer at vedkomande kan vere ruspåverka og har teke beslag i førarkortet. Det vil også bli teke blodprøve av sjåføren.

Det er ikkje meldt om trafikale problem, men det kan vere glatt på staden.

Sjekk vegmeldinger for Møre og Romsdal (ekstern lenke)

Sjekk vegmeldinger for Sogn og Fjordane (ekstern lenke)