– Politiet hadde ein kontroll ved Hasundkrysset då dei blei merksame på fleire bilar som snur og forsøker å unndra seg kontroll, fortel operasjonsleiar John Bratland ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Då politiet kjem fram til bilane hadde førarane lagt på sprang og latt kjøretøya stå att. Hendinga blei meldt til operasjonssentralen like før klokka 06.

Av omsyn til etterforskinga ville politiet ved 9-tida ikkje gå ut med alle detaljar om saka. Men minst ein mindreårig person blei gripen av politiet, avhøyrt og deretter brakt heim til sine føresette.

Minst ein av bilane skal ha hatt skadar, men politiet har ikkje indikasjonar på at nokre av personane som stakk frå kontrollen var skadd.

Lokalt politi held fram med etterforsking i saka for å finne ut meir om kva som var bakgrunnen for hendinga.