Tanja Rafteseth i Herøy kommune vart overraska då Gjensidigestiftelsen dukka opp på rådhuset med ein solid sjekk denne veka, melder Vestlandsnytt. Då ho såg beløpet på 712.793 kroner, vart ho ståande og måpe.

- Denne støtta er heilt fantastisk og betyr utruleg mykje for prosjektet, sa Rafteseth like etter.

I 2017 fekk stiftinga inn meir enn 140 søknader, berre 33 av dei vart innstilte. Beløpet til Fosnavågaren Velforeining er blant dei største. Stiftinga ønskjer å få folk i aktivitet, seier Berit Løvoll Strand til lokalavisa.

Summen finansierer halvparten av parken, som også inkluderer benkar og grillar.