Gresejusteringa mellom Stryn og Hornindal

Kjøs forblir i Hornindal

Her kan du lese heile vedtaksbrevet frå Sanner.

Den raude streken som deler Maurset og Kjøs på kartet over blir også den nye grensa mellom Stryn og Hornindal frå 1. januar 2019. Den nye grensa er i tråd med forslaget frå Hornindal kommune, og inneber at ny grense går frå Gulkoppen, men i staden for å følgje fjellryggen til Kjøsahammaren, skjerer ned inst i Kjøsapollen og går aust om den kommunale vegen slik at denne blir del av Hornindal. Vidare følgjer den Sindreelva til Jutedalstjønna og deretter gammal grense vidare.  

Søre

(Fjordingen) Fylkesmannen i Sogn og Fjordane tilrådde for kort tid sidan at ny grense bør gå ved Kjøsahammaren, men i dag kom meldinga frå departementet at dei har bestemt at det kun er grenda Maurset som skal til Stryn kommune. Det bur i dag 19 personar i området som vert overført til Stryn.

- Departementet har gjort ei heilskapleg vurdering og meiner løysinga med ei grensejustering berre for Maurset vil gi ei betre grense enn i dag. Denne løysinga vil også fungere som kommune- og fylkesgrense, samstundes som den tek omsyn til ønskjet til fleirtalet av innbygggjarane i dei ulike delane av Kjøs krins, seier Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Gresejusteringa mellom Stryn og Hornindal

– Kjekt dei tok omsyn til argumenta våre

Hornindalordførar Stig Olav Lødemel er glad for at grensa berre blir justert på Maurset.

Den nye grensa skal gjelde frå 1. januar 2019.

Under følgjer vedtaksbrevet underteikna Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner:

"Eg viser til brev av 19. desember frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane med fylkesmannens utgreiing og tilråding i saka om grensejustering mellom kommunane Stryn og Hornindal, for området Markane (Kjøs krins).

Bakgrunn

8. juni 2017 vedtok Stortinget samanslåing av Hornindal og Volda kommunar. Det blei samtidig vedtatt at den nye kommunen skal høyre til Møre og Romsdal. Departementet gav 4. juli 2017 fylkesmannen i oppdrag å greie ut grensejustering mellom kommunane Stryn og Hornindal, for området Markane (Kjøs krins). Oppdraget blei gitt etter initiativ frå innbyggarar i Hornindal, som fremja søknaden til fylkesmannen i august 2016. Søknaden var støtta av om lag 40 underskrifter frå Hornindal.

Det er 89 innbyggarar i Kjøs krins, noko som utgjer om lag 8 prosent av innbyggartalet i dagens Hornindal. Krinsen utgjer om lag 6 prosent av arealet i dagens Hornindal. Det er to hovudområde med busetnad, Maurset (19 innbyggarar) og Kjøs (70 innbyggarar). Det er ingen kommunale institusjonar i krinsen. Frå alle område i krinsen er det kortast veg til sentrum og tenester i Hornindal, på Maurset er denne forskjellen minst (11,8 km til Hornindal, 14,4 km til Stryn).

Ei spørjeundersøking blant innbyggarane i Kjøs krins gir ikkje eit klart svar på kva kommune innbyggarane ønsker å høyre til, med 52 prosent for Hornindal og 45 prosent for Stryn i krinsen som heilskap (forskjellane er ikkje statistisk signifikante). I Maurset ønsker 92 prosent å høyre til Stryn, mens i Kjøs ønsker 62 prosent å høyre til Hornindal.

Fråsegn frå kommunane

Kommunestyret i Hornindal fatta 2. november 2017 følgande vedtak: Hornindal kommune stiller seg positive til at det vert gjennomført ei grensejustering mellom Hornindal og Stryn kommunar i tråd med eit justert alternativ 2 («Kommunegrense 1») frå innbyggarinitiativet, slik det kjem fram i høyringsuttalen. Fellesnemnda for nye Volda slutta seg 16. november 2017 til vedtaket frå Hornindal.

Kommunestyret i Stryn fatta 21. november 2017 følgande vedtak: Viser til vurderingane i saksutgreiinga og tilrår at grensa mellom Stryn og Hornindal blir justert når Hornindal blir ein del av Volda kommune. Stryn kommune vil tilrå at grensa blir justert slik at ny grense føl fjellkjeda mot nord mellom Stryn og Hornindal frå Gulkoppen til Kjøsahammaren og noverande grense mellom Eid, Stryn og Hornindal mot sør.

Sogn og Fjordane fylkeskommune ved Fylkesutvalet fatta 22. november vedtak der mellom anna følgande går fram: Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar framlegget om ei justering av kommunegrensa mellom Hornindal og Stryn kommunar, slik at Kjøs grunnkrins inkl. Markane vert ein del av Stryn kommune.

Fylkesmannens vurdering

Fylkesmannen tilrår at departementet vedtar ei grensejustering der heile Kjøs krins blir overført frå Hornindal til Stryn kommune. Tilrådinga inkluderer ei justering i området Klypet – Hildehjellen. Fylkesmannen legg avgjerande vekt på:

- å legge til rette for ei god overordna planlegging og ei funksjonell kommune- og fylkesgrense.

- omsynet til å kunne gi effektive tenester til innbyggarane i heile Kjøs krins i framtida.

Fylkesmannen vurderer at dei økonomiske verknadane som er påviste i saksutgreiinga er klart innanfor det som er forventa løyst gjennom oppgjersreglane og framtidige inntekter og utgifter for nye Volda kommune.

Fylkesmannen har lagt fram forslaga til ny kommunegrense for Kartverket. Kartverket meiner alle alternativa kan leggast til grunn som ny kommunegrense, og at alle alternativa krev ei større eller mindre klarlegging av grenseforløp før dei kan danne ny grense.

Departementets vurdering

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har vurdert fylkesmannens tilråding og halde møte med kommunane det gjeld. Begge kommunane er einige i at dagens grense ikkje er føremålstenleg, og at det bør gjennomførast ei justering som gjer at grenda Maurset blir flytta frå Hornindal til Stryn. Spørjeundersøkinga viser også at eit klart fleirtal av innbyggarane i Maurset ønsker dette. Departementet er einig i at det er naudsynt med ei justering av grensa, og at området Maurset bør høyre til Stryn.

Kommunane er ueinige om resten av Kjøs krins bør overførast til Stryn. Innbyggarane i Kjøs får i dag kommunale tenester frå Hornindal. Spørjeundersøkinga viser at fleirtalet av innbyggarane i Kjøs ønsker at det skal halde fram slik. Hornindal ønsker også å fortsette å levere tenester til desse innbyggarane. For innbyggarane i dette området er det kortare veg til sentrum og tenestene i Hornindal, enn det er til Stryn. Når forholda er slik, meiner departementet at det må vere andre særleg tungtvegande argument i saka, dersom også Kjøs skal overførast til Stryn.

Fylkesmannen meiner at ei grensejustering for Maurset vil forskyve delinga av Markane, og ikkje løyse dagens utfordringar med grensa fullt ut. Ei justering slik fylkesmannen anbefaler, er det av alternativa som vil gi størst distanse mellom busetnaden på kvar side av grensa. Men heller ikkje ei justering for Maurset, slik Hornindal foreslår, vil dele ein samanhengande busetnad.

Innbyggarinitiativet viser til at Kjøs og Maurset er integrerte delar av Markane. Spørjeundersøkinga viser likevel at det går eit skilje blant innbyggarane i krinsen mellom Kjøs og Maurset med omsyn til kva for ein kommune dei ønsker å høyre til. Kjøs krins blir i dag først og fremst nytta til statistiske føremål, den har ikkje nokon eigen praktisk funksjon i Hornindal kommune. Den er til dømes avskaffa som skule- og valkrins.

Etter ei samla vurdering av momenta i saka, kan ikkje departementet sjå at det er noko argument som veg så tungt at det krev at også Kjøs må overførast til Stryn. Departementet meiner at løysinga med ei grensejustering berre for Maurset, vil gi ei langt betre grense enn i dag. Denne løysinga vil også fungere som kommune- og fylkesgrense, samtidig som den tar omsyn til ønsket til fleirtalet av innbyggarane i dei ulike delane av Kjøs krins. Departementet meiner dette samla sett må vere avgjerande i denne saka.

Vedtak

Med bakgrunn i tilrådinga til fylkesmannen og med heimel i § 6 i lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova), vedtar Kommunal- og moderniseringsdepartementet at kommunegrensa mellom Stryn og Hornindal blir justert slik at Maurset i dagens Hornindal blir ein del av Stryn frå 1. januar 2019. Den nye kommunegrensa følger forslaget frå Hornindal kommune. Statens kartverk, i samråd med dei to kommunane, avklarar det tekniske grenseforløpet for den nye grensa.

Det er ikkje klagerett på endeleg vedtak om grensejustering.

Konsekvensar av vedtak

Reglane om økonomisk oppgjer mellom kommunane er å finne i inndelingslova § 19, jf. Rundskriv H-10/15.

Dette vedtaket går i kopi til Skattedirektoratet, Statens Kartverk og Statistisk sentralbyrå for nødvendig oppfølging. Då den nye grensa også vil utgjere ei fylkesgrense, blir vedtaket også sendt i kopi til dei aktuelle fylkeskommunane og Fylkesmannen i Møre og Romsdal".

Med helsing

Jan Tore Sanner

Denne saka vart først publisert av Fjordingen