Frå Kleven til Sparebanken Møre:

Ellen Kvalsund blir banksjef i Sparebanken Møre

Kommunikasjonssjefen i Kleven blir ny banksjef for personmarknad i Sparebanken Møre i Ulsteinvik.

Ellen Kvalsund (f. 1971) blir banksjef i Sparebanken Møre i Ulsteinvik.  Foto: Marius Beck Dahle

Søre

Ellen Cathrin Kvalsund bur i Ulsteinvik og har jobba sju år som kommunikasjonssjef i Kleven.

Kvalsund har utdanning innan kommunikasjon og sosialantropologi. Ho skal lede personmarknadsdelen, og tiltrer den nye stillinga 1. april 2018, ifølgje ei pressemelding frå Sparebanken Møre.

– Dette var ei moglegheit eg ikkje kunne takke nei til. Sparebanken Møre er den største banken i Møre og Romsdal, med en klar strategi om vekst og utvikling. Vi har alle føresetnader for å vakse vidare og ta ein enda sterkare posisjon i Ulstein i åra som kjem, seier Kvalsund i pressemeldinga.