Fleire brannfolk kunne ta fram flagget då bilen mandag kom fram etter køyreturen frå Flekkefjord.

– Sande brannvesen går inn i ei ny tid med denne brannbilen og bilen vil vere utstyrt med topp moderne utstyr som gjer at brannvesenet kan møte krevjande ulukkesituasjonar i framtida, skriv brannsjef Kjell Martin Vikene på heimesida til Sande kommune.

Bilen av typen Euro 6 Scania P450 4x4 med 450 hestekreftar. Ifølgje Vikenes er dette mykje samanlikna med mange andre brannbilar. Årsaka til at dei har lagt vekt på dette, er terrengforholda i kommunen.

I tillegg til brannpumpe, skumtank og hydraulisk redningsverktøy - har den ein el-vinsje framme. Det er eit nytt verktøy for det kommunale brannkorpset.

Bilen er levert frå Egenes Brannteknikk mot ein betaling på 3,2 millionar kronar – utan moms. I desse dagar går det føre seg opplæring og flytting av utstyr, men bilen skal vere klar til oppdrag i løpet av kort tid.