– Eg kjenner ei grenselaus glede. At vi får attende straumen til øya er ei hending for hundreåret!

Harald Yksnøy var vanskar med å finne det han meiner er rette orda for skildre situasjonen. Ei grenselaus fortviling over å ha mista straumforsyninga frå fastlandet permanent, er på få veker bytt ut med ei like grenselaus glede – over meldinga om at straumen snart kjem att – permanent.

– Gledesrusen går nok over

– Kva kjenner du no?

– Gledesrusen går nok over, ettersom kvardagen tek over. Men på ein blanke vårdag som denne, kva skal eg vel seie?

– Jau først og fremst kjenner eg ei veldig lette over at denne flotte øya vår no er gitt nye mulegheiter for liv og utvikling.

– For at vi er sikra opptak av borevatn som krev straum til pumpa som tek det opp.

– For at vi no framleis kan få ha Høgskulen med sin base for tradisjonsbåtar og yrande liv av titals studentar.

– For at vi faktisk er lova nystraum, som det aller meste i samfunnet i dag er avhengig av.

– I det heile for at Mørenett høyrde på argumenta våre, tek flyttemeldingane våre til vitande og i det heile tek oss på alvor. Då veit eg ikkje om eg har stort meir å seie, smiler Yksnøy.

Han var i fleire år den siste fastbuande på øya. Og han var den første til å melde seriøs attende, straks melding om utfall av den utgamle sjøkabelen kom, den 18. januar i år.

Flyttar til øya

Litt seinare gjorde to andre det same, inkludert Helene Flølo Yksnøy. Ho har opp gjennom åra satsa svært mykje på vedlikehald av garden og bygningane som ektemannen Knut Halvard Yksnøy kom frå. Han døydde i 2001, og Flølo Yksnøy har seinare fått seg sambuar. Saman har også dei satsa svært mykje på staden.

– Og no flyttar du frå Volda sentrum og hit ut?

– Ja, flyttemeldinga er innsend og godkjend. Vi har rask og trygg båt i småbåthamna på Eiksund, og turen hit ut tek berre ti minuttar.

– Faktisk har eg vore her så mykje siste åra at eg nesten like godt kan seie at det er her eg bur, som i Volda sentrum.

Fekk frostskadar i husa

– Kva kjenner du då, i høve satsingsvedtaket frå Mørenett?

– Eg kjenner på akkurat same gleda som Harald nettopp har skildra.

– Om Mørenett satsar på oss så er det jo meir enn gledeleg – uansett kva diskusjonar i saka som måtte ha vore i forkant.

– Og satsa, det har vi sanneleg gjort her ute også, i stor grad i fellesskap og samarbeid. Berre grusvegen over øya, vassverket og båthamna har vore store løft. Men straum, det måtte vi berre ha. Helene Flølo Yksnøy har fått smake på effektane av ikkje å ha straum. Frå det første utfallet av sjøkabelen i januar, gjekk det fleire dagar før feilen vart meldt. På den tida rakk vatnet i husa å fryse.

– Eg har ikkje oversyn over skadane enno. Men eg kjøpte straks to gasskaminar for å unngå ytterlegare frostskadar.

– Seinare har eg måtta hit og skifta gassflasker minst tredjekvar dag, fortel Yksnøy.

Sju spørsmål og svar: Dette bør du vite om den smarte strømmåleren din

Nettselskapet snudde

Høgst truleg vil øya få straumen tilbake i løpet av veke 16. Frå Mørenett får vi opplyst at kabellegginga under det knappe 300 meter breie sundet mot granneøya Eika, skjer straks ein kabelbåt vert ledig. Adm.dir. Rune Kiperberg seier at tilflyttinga av personar til øya vart avgjerande for at nettselskapet snudde.

– Der folk har bustadadresse, der har vi leveringsplikt. Det er lite å diskutere, og slik har vi fått vite at det no er på Yksnøya. Når dette er klarlagt, så er det også ei glede for oss å kunne levere. Vi vil også oppgradere linjenettet på øya, lovar Rune Kiperberg.

– Gratulerer og til lukke med ny straum, kamerat! Møtet mellom Nils Ola Skuset frå Høgskulen i Volda og innbyggjar/grunneigar Harald Yksnøy vart hjarteleg og optimistisk. Foto: Knut Arne Aarset
– Har vatnet greidd seg gjennom kulden utan straum, spør ei smått uroa Helene F. Yksnøy. – Alt ser fint ut, men pumpa går ikkje enno, svarer Nils Ola Skuset. Foto: Knut Arne Aarset