Ein buss med skuleelevar køyrde i grøfta i Herøy måndag ettermiddag.

Ingen personar skal ha kome til skade, ifølgje ein tipsar. Politiet har heller ikkje fått melding om hendinga som skjedde ved Voldsund på Leinøya.

Kommunikasjonssjef Dag Bones i Nettbuss var ikkje informert om saka då Sunnmørsposten tok kontakt.

Sunnmørsposten er ikkje kjent med kva som var årsaka til at bussen hamna i grøfta.