Torhild Mork går rundt ved brannruinane på Torvholmen dagen etter brannen som øydela både sjøhus og hovudhus på holmen. Det er eit trist syn. Saman med henne går søskenbarn og naboar. Det blir fortalt historiar om folk og gjenstandar. "Der oppe på loftet vart eg fødd", "Der, på eit rom og kjøken på loftet, budde vi".

Huset frå 1904

Torvholmen var husmannsplass under Flåvær fram til 1916. Då fekk Petter Johannesson Skorpen skøyte på bruk og hus for 200 kroner. Hovudhuset vart bygd i 1904 og ein av sønene til Petter, Anfinn, bygde på i 1928. Det er mellom anna dette huset som no er tapt i brannen.

Kjartan Spidsberg som driv ei rekkje turistverksemder i Gudbrandsdalen kjøpte Torvholmen i 1999. Han har bygd opp staden til overnatting og besøk. Torhild Mork fortel etterkomarane etter Skorpen skulle ha søskenbarntreff på Torvholmen no til helga.

- Men tenk kor heldiige vi var, vi var samla for tre veker sidan i staden. Sytten søskenbarn var i lag frå torsdag til søndag i det fine veret. Vi fekk låne anlegget av Kjartan Spidsberg og vi sat ute ned på kaia utover natta i godeveret og fekk oppleve plassen på det aller finaste.

Det minnet tek ho med seg vidare. Saman med ein liten brannskadd bit av huset.

Følg smp.no på Facebook