Medan dei tilsette i barnehagen kosepratar og småflørtar med far, er det mor som får beskjedane om ny strikk i regnbuksa og våte vottar.

Forsking frå Herøy og Ulstein viser at dei tilsette i barnehagar brukar nesten dobbelt så mykje tid på gutane. Og foreldra blir behandla ganske ulikt.

Tankevekkar Laila Solhaug, barnehageleiar i Herøy kommune og styrar i Bergslia Monica Kvalsund, seier likestillingsprosjektet har vore bevisstgjerande på gamle haldningar. Foto: Torill Myren

Kommunane på ytre Sunnmøre har vore akterutseglt på likestilling. For å bøte på dette, har det vore likestillingsprosjekt på mange område. Eitt av dei har vore i barnehagen.

I samarbeid med Senter for kunnskap og likestilling har ein gått inn i ein barnehage og sett på det med likestillingsauge på kva som skjer rundt måltida. Det vart filma og forskarane sette seg ned med stoppeklokka.

– Og det viste seg at gutane fekk nesten dobbelt så mykje tid som jentene, fortel styrar i Bergslia barnehage, Monica Kvalsund.

Følg smp.no på Facebook

Gamle mønster

Likestillingsprosjektet har også vore eit læringsprosjekt for dei tilsette i barnehagen.

– Det er mange gamle rollemodellar som heng igjen hos oss vaksne, seier både ho og barnehageleiar i Herøy kommune, Laila Solhaug. Men ved å vere med på likestillingsprosjektet har dei fått synleggjort gamle haldningar og lært nye handlingar. Ei av dei tilsette hadde ei gruppe med fire jenter og ein gut. På leikerommet med rolleleik tenkte ho «Stakkars gut som er åleine», men med bakgrunn i likstillingsprosjektet, så tok ho seg i det og såg kor guten treivst og kor fint han leika familieliek.

Ei anna oppdaging har vore at ein snakkar til gutane, men med jentene.

– Vi gir beskjedar til gutane, men har samtalar med jentene. Det også gir oss litt å tenke på.

Forskjell på far og mor

Ein har dessutan sett at mødrene og fedrane vart møtt på ulike måtar når dei henta og leverte barna sine.

Mino Vatnehol, Eira Sævik, Sai-Rahman Sjaipov, Laila Solhaug og Monica Kvalsund i Bergslia barnehage. Foto: Torill Myren

Og om dei tilsette prøvde seg med beskjedar til faren om ny strikk på regnbuksa og behov for vottar, så har dei opplevd at svaret var «Eg skal seie det til mora».

Lik verdi

Det overordna målet er at alle skal kjenne på lik verdi og ha same mulegheiter til kommunikasjon og deltaking. Difor har prosjektet også handla om meir enn kjønn. Korleis ein skal møte minoritetsspråklege foreldre har også vore ein del av prosjektet. Det handla mellom anna om at uansett kor «vanskelege» namna er, så skal dei tilsette i barnehagen kunne namnet på foreldra – og bruke dei.

Kjenner du deg att i resultata? Har du opplevd liknande forskjellsbehandling? Si di meining i kommentarfeltet (ikkje på mobilutgåva):