STRYN (smp.no): Anlegget med 380 tilsette produserer 30.000 tonn kjøtvarer i året - og er ifølgje seg sjølve best på pris til bonden.

– Det gled meg veldig å sjå kor stor og veldriven denne privateigde slakteribedrifta er. No må vi sjå på systemet, seier Listhaug.- Vi har sett ned eit utval som innan juni neste år skal gjennomgå markedsregulatorordningen. Det eg får sjå og høyre her i dag gjer meg berre endå sikrare på at private aktørar fungerer godt i marknaden.

Dette sa landbruks- og matminister Sylvi Listhaug frå Ørskog til Sunnmørsposten, etter at ho hadde gjennomført ei kilometerlang vandring gjennom gigantanlegget på 50.000 kvadratmeter i Loen.

Men matministeren får klar melding frå slakterisjef Geir Egil Roksvåg:

– Det må stellast godt med bøndene, så vi er sikra leveransar også i framtida, insisterte han.

Nordfjord Kjøtt på si side leverer utelukkande til kjeden REMA 1000, og har ein tiårsavtale med gigantkjeden, som kontrollerer 25 prosent av den norske matmarknaden.

Bondedagen vart avslutta med storgardsbesøk i Hornindal.