Austefjordens største kjendis - den store betongpadda langs Kvivsvegen - er utsett for hærverk, melder Mørenytt.

Nokon har gått laus på skulpturen med grønmaling, truleg i løpet av natta, ifølgje avisa. Padda har vorte ein attraksjon for trafikantane langs Kvivsvegen.

Kunstnaren Robert Steinnes synst det var ei lei nyheit: – Dette var kjempedumt og det er sjølvsagt ikkje noko gøy at det blir gjort hærverk, seier han til smp.no.

Bildeserie: Sjå bilda frå paddeavdukingaSjå video: Her blir padda avdukaSjå video: Her er padda på veg til Austefjorden

Ikkje overraska

Han er likevel ikkje veldig overraska. Sjansane for at det skulle skje hærverk på skulpturen, var óg tema då den vart sett opp: – Det er jo noko ein må rekne med kan skje, seier Steinnes.

Difor vart padda også impregnert slik at slikt måling skal vere lettare å fjerne.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Paddekoloni

Bakgrunnen for at padde kom opp er at Austefjorden i Volda har den største paddekolonien i Skandinavia. Padda er plassert like ved ein undergang som er laga for paddene, slik at dei kan krysse stamvegen utan å risikere livet. Her finst det også ledegjerde som kan leie paddene til tunnelen.

Skulpuren var ei gåve frå Sparebank1 Søre Sunnmøre.

Paddeskulptør Robert Steinnes då skulpturen vart avdekka. Foto: Knut Arne Aarset