Det var ein lett irritert Per Sævik som møtte i Herøy formannskap tirsdag. Der stilte han som krav at aksjonærane får ei litt tyngre hand på rattet i styringa av Sunnmørsbadet.

Dersom ikkje kommunen som majoritetseigar ville seie ja til dette, ville ikkje Havila Holding stille med meir kapital dersom Sunnmørsbadet treng det.

Felles løft

Sævik sitt innlegg var samtidig ei oppmoding om at Herøy-samfunnet blir enno flinkare til å løfte i lag. I eit fellesprosjekt for lokalsamfunnet skal ikkje aksjonærar bli parkert og feilaktig framstilt.

- Eg høyrer at Havila ville skifte styreleiar, det er eg lei meg for, sa Sævik til formannskapet.

- Sunnmørsbadet er eit fellesprosjekt. Det skal vere forutsigbart kven som skal vere styreleiar, heldt Sævik fram i ein faderleg og lett irritert tone.

Han var tydeleg på at han ikkje støtta kastinga av styreleiaren, Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr, på kort varsel. Havila Holding er ikkje i styret, medeigar Olympic Shipping representerer begge selskap, og slik vil Sævik at det framleis skal vere.

Sævik retta kritikken mot majoritetseigaren, Herøy kommune.

- Dette er ikkje eit innlegg mot leiar og nestleiar. Det eg er kritisk til er at det ikkje er ein annan prosedyre i forkant av at noko sånt skjer.

Sunnmørsbadet skulle koste 180 millionar kroner pluss moms. Når det store badeanlegget står ferdig om nokre månader, er kostnadene blitt minst 210 millionar. Derfor gjekk Havila og Olympic nyleg inn med meir kapital.

Tettare

Etter dei store overskridelsane finn Sævik seg heller ikkje lenger i at aksjonærane ikkje blir orientert om framdrifta.

- Eg forstår at det framleis er eit par motbakkar, sa Sævik og antyda enno fleire overskridingar.

Han oppmoda derfor formannskapet vedta følgjande:

- Herøy kommune som majoritetseigar har eit krav på å kalle inn eigarane i Sunnmørsbadet i alle fall kvartalsvis for å oppdatere oss.

Formannskapet vedtok også dette, og saka kjem opp på den ekstraordinære generalforsamlinga i Sunnmørsbadet, som er om kort tid.