Dette var 14. gong prisen vart delt ut, og i skarp konkurranse vart Hareid meinigheit vinnaren.

- Prisen gjeng til ei meinigheit som har utvikla ein mønsterverdig lokal plan, sa direktør i IKO – Kyrkjeleg pedagogisk senter, Marianne Uri Øverland, då ho avslørte vinnaren av Trusopplæringsprisen 2014 onsdag ettermiddag, ifølgje Vårt Land.

Det var tre nominerte var trusopplæringsarbeidet i Hareid, konfirmantopplegget «Følg meg» i prestegjeldene Innvik, Hornindal og Stryn og Sigdal og Eggedal meinigheiter.

I grunngjevinga for å nominere arbeidet i Hareid meinigheit heiter det at meinigheiten har utforma ein systematisk plan for trusopplæring for alle årstrinn mellom null og 18 år, og at mange av tiltaka endar opp med ein gudsteneste.

« Av tiltaka kan nemnast arbeidet med 17- og 18-åringane som inkluderer pilegrimsvandring i lokalmiljøet og festmiddag for å feire myndigalder. Festen rommar både refleksjon, draumar og lesing av brev dei som konfirmantar skreiv til seg sjølve. Det er utforma årshjul og detaljerte skildringar av alle tiltak.», er noko av det IMO trekte fram som grunngjeving for nominasjonen.

Prisen vart delt ut på Trusopplæringskonferansen 2014 på Lillestrøm onsdag.