Ein lastebil har køyrd av vegen på E39 ved Festøy i Ørsta kommune, melde Sunnmøre politidistrikt på Twitter klokka 09.22.

- Føraren av lastebilen er brakt til sjukehus med helikopter, opplyser politiet like før klokka 10.

Føraren, ein mann i 50-åra, er tilsynelatande lettare skaddd.

- Han ligg på sjukehuset til observasjon, opplyser operasjonsleiar Borge Amdam i 16-tida torsdag.

Saka vert no etterforska av lensmannen i Ørsta.

- Politiet ønskjer kontakt med vitne til sjølve ulukka. Spesielt passasjerar om bord i bussen som køyrde bak ulukkesbilen, oppmodar Amdam.

Vegen vart rydda innan klokka 13.00 torsdag.

Det har vore noko heft med trafikken forbi ulukkesstaden, men i 10.20-tida gjekk trafikken greit forbi staden, ifølgje Sunnmøre politidistrikt.