Dette seier enkja etter nyleg avdøde Knut-Jonny Nerland i Herøy, og bror hans Geir Nerland.

Saman kjempa dei til siste slutt for mulegheita for at tidlegare sokneprest i Herøy, Jens Terje Johnsen, skulle forrette i gravferda til yrkesfiskaren frå Sunnmøre.

Følg smp.no på Facebook

Åndeleg smerte

Etter å ha fått kreft av aggressiv type låg Knut-Jonny Nerland tre veker innlagt ved Volda sjukehus.

Sjukdomen fanst det ingen leveleg utgang for, men sjukehusprest Jens Terje Johnsen, frå Herøy-tida kjend berre som Jens Prest, greidde å lindre mykje av den åndelege og mentale smerta som yrkesfiskaren frå Herøy streid med.

Veslebroren Geir Nerland (55) har drive sjøen i lag med Knut-Jonny sidan dei var konfirmantar, og han veit altfor godt kva det handlar om:

– Som sjølvstendige sjarkfiskarar måtte vi vere på sjøen både i tide og utide for å sikre levebrødet. Dette gjekk hardt ut over familielivet for oss begge.

– Eg veit at det plaga bror min veldig etter han vart alvorleg sjuk - dette at han ikkje hadde fått vore nok far for dei tre jentene sine då dei voks opp.

– Eg veit sjølvsagt ikkje kva presten og bror min prata om i detaljar - det veit ingen. Men eg fekk ei sterk forståing for at presten hadde forstått, og teke på største alvor denne sorga for Knut-Jonny, seier Geir Nerland.

Brennande ønskje

Dette førte i sin tur til at Knut-Jonny Nerland, som var 59 år gamal då han døydde den 2. oktober i år, utvikla eit brennande ønskje om at nettopp Jens Prest skulle vere den som stod for gravferda og heldt talen i kyrkja.

Men slik gjekk det altså ikkje.

Jens Terje Jonsen søkte sjølv om løyve til å forrette, men førebudde familien på at svaret frå biskopen kunne verte negativt. Presten måtte gå av etter det som har vorte kalla ei personalsak i Herøy-kyrkja, og han er ikkje ønska tilbake.

Utan kall og brev

Då tok enkja Eli Nerland sjølv grep, medan mannen framleis var i live.

– Eg ringde biskop Ingeborg Midttømme personleg og forklarte ho situasjonen. Eg følte ikkje akkurat at eg fekk respons, men ho sa eg kunne no søkje, fortel Nerland.

Også svaret kom medan mannen var i live: Blankt avslag.

I avslaget heiter det mellom anna: «Med bakgrunn i den vanskelege personalsituasjonen som har vore i Herøy gjennom mange år, seier vi oss leie for at vi ikkje kan kome dykkar ønskje i møte.»

Det vert vidare forklart, av fungerande biskop Olav Gading, at «..han (Jens Terje Johnsen red. anm.) har ikkje lenger kyrkja sitt kall og brev til teneste i Herøy kyrkje og dei nærliggjande områda.»

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

– Slag i andletet

– For mannen min var dette eit veldig slag i andletet. Det vart det for oss alle. Skulle vi lide for ein gammal konflikt vi ikkje eingong har ei meining om, spør Eli Vike Nerland.

Enka undrar på kva slags verdiar kyrkja eigentleg byggjer på, når det får slike utslag. Geir Nerland seier for sin part at han aldri før har kjent slik avmakt mot barnetrua.

– Bror min var ein glad og positiv person på alle måtar, heilt til det siste. At vi ikkje kunne hjelpe han med dette eine, store og siste ønsket vart eit veldig nederlag - og det forsterka sorga og fortvilinga, opplever Geir Nerland.

Vil spreiast på havet

Han understrekar at familien ikkje har noko som helst imot prestane i Herøy. Men når det vart som det vart, ønskte den dødsjuke broren at frikyrkjepastoren Erhard Hermannsen heller skulle forrette - enn kyrkja sine folk.

– Bror min sa rett ut at han heller ville brennast og få oska spreidd på vår felles arbeidsplass havet, enn å verte lagt i vigsla jord i Herøy, fortel broren.

Sunnmørsposten var torsdag i kontakt med fungerande biskop Olav Gading. Grunna tenesteoppdrag hadde han ikkje anledning å kommentere denne saka.

<strong>Siste gong:</strong> Knut-Jonny Nerland fylte nesten heile Herøy-kyrkja under gravferda si, sjølv om mange av fiskarane var langt til havs. Men å verte gravlagt i vigsla jord nekta han – som ein stille protest mot biskopen.