Meldinga om at telenettet delvis er ute kom like før klokka 11. Det skal gjelde Florø, Bremanger og delar av Vågsøy, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Inntil vidare skal folk i desse kommunane ringe 112 dersom dei er i naud.

– Vi har kontakt via andre kanalar, som samband, seier Espen Gulliksen ved politiet sin operasjonssentral til NRK.

Også om lag 2.000 tryggingsalarmar har vore ute.

Oppdatering: Klokka 12.15 melde politiet i Sogn og Fjordane at telefonlinjene til operasjonssentralen er i orden igjen.