Hareid-ordførar Anders Riise (H) krev at ferjesambandet Hareid-Sulesund held fram som beredskapssamband.

I det nye ferjetilbodet for sambandet, som skal ta til å gjelde frå og med årsskiftet, er dette kutta ut.

Alvorleg

Problematikken vart referert i Hareid formannskap sist måndag. Politikarane i Hareid ser alvorleg på dette.

Hareid-ordføraren seier at dersom dette ikkje vert gjort om, vil funksjonsfordelinga ved sjukehusa verte sett i spel. Og det kan få alvorlege konsekvensar for både brannvesen og politi.

Han minner om at heller ikkje ferjesambandet Solavågen-Festøya har status som beredskapssamband i dag.

Ikkje akseptabelt

Assisterande direktør i Helse Møre og Romsdal, Helge Ristesund, er klar på at dei ikkje kan akseptere at dette ferjesambandet ikkje har beredskapsstatus.

– Ei slik svekking av beredskapen kan vi ikkje akseptere. Ut i frå beredskapsomsyn er ikkje dette akseptabelt, seier han.

Ristesund presiserer at dei ikkje har vorte kontakta av Fylkeskommunen om dette. Dermed er dei ikkje er formelt informert.

- Vi føreset derfor at dagens ordning ikkje vert endra, seier Ristesund.

Kommunikasjonssvikt

Anders Riise har gjort administrasjonen i Helse Møre og Romsdal og fylkeskommunen merksam på kva som er i ferd med å skje, og trur dette mellom anna skuldast kommunikasjonssvikt.

Han forventar at det vert teke grep, slik at Hareid-Sulesund også i framtida kan ha status som beredskapssamband. Og at det ikkje vert noko opphald i samband med at nytt tilbod tek til å gjelde frå og med årsskiftet.

Mannskap om bord

– At Hareid-Sulesund har vore beredskapssamband, betyr at der har vore mannskap om bord i ferjene dei timane på natta når ferjene ligg stille. Og dersom ambulanse, politi eller brannvesen har hatt behov for ferjetransport, har dei hatt høve til å ringje og rekvivere ferje, forklarar ordførar Anders Riise.

Han legg til at på somme tider av døgnet har ferjene avgangar berre kvar time. Då kan det vere aktuelt å be ferja snu dersom ein kritisk situasjon oppstår.

Høgtider

Også i høgtider som jul, nyttår og påske legg ferjene gjerne stilt om ettermiddagen og tek ikkje til å gå før neste dag.

– Også då er det viktig at ein i gitte situasjonar kan få rekvirert ferje, seier ordførar Anders Riise.

Administrerande direktør i Helse Møre og Romsdal, Helge Ristesund, føreset at dagens ordning held fram. Foto: Arkivfoto