På relativt dårlege dekk slo ein semitrailer seg på tverra på veg over Strandafjellet tysdag føremiddag. Det førte til at fylkesvegen var stengd i meir enn ein time tysdag føremiddag.

– Vegen er open i eitt felt, opplyste politiets operasjonssentral klokka 11.50.

Sunnmørsposten har fått fleire tips om hendinga. Det danna seg kø av bilar på begge sider. To vitne på staden meinte at det ser ut som at den norskregistrerte traileren ikkje har vinterdekk.

– Patruljen har ikkje meldt om at noko var ureglementert, seier operasjonsleiar Kenneth Sætre i Sunnmøre politidistrikt til Sunnmørsposten.

Ga gass

– Bilen stod fast, og gav gass, dermed slo den seg på tvers, seier eit vitne.

Politiet var på staden, og operasjonsleiar Kenneth Sætre stadfesta klokka 11.45 at bilberging var på veg.

– Dei som var heldige nok til å komme opp før dette skjedde kan melde om fantastiske skiforhold, skriv ein tipsar.