Brannvesenet i Herøy rykka tysdag ettermiddag ut då eit bål kom ut av kontroll i Kvalsvika og spreidde seg til vegetasjonen.

- Det er ei haug med greiner som brenn, rundt 200 meter frå næraste hus, seier Herøynytt sin medarbeidar på staden.

Sjølv om det har vore vått vêr over lengre tid, var det altså ein viss brannfare i terrenget.

110-sentralen opplyser at det ikkje fare for spreiing til bygningar og at det var ganske udramatisk.