Aktor, statsadvokat Magne Nyborg, la fredag ned påstand om at ein lærar i 40-åra skal dømmast til fengsel i seks år for å ha valdteke ein elev.

– Det er snakk om eit alvorleg overgrep mot ei svært ung jente. Han brukte vald, det var samleie, og han var fullt klar over alderen på jenta. Han var trass alt læraren hennar, sa Nyborg.

Les også: – Blei valdteken på lærarrommetLes også: Nekta all skuld

Bistandsadvokat for jenta, advokat Gerd Haagensen, la på si side ned påstand om at mannen skal betale jenta erstatning på inntil 200.000 kroner.

Advokat Annette Barlinn, som er forsvarar for den tiltalte læraren, bad derimot tingretten om å om frifinne mannen.

– Min klient er heilt klar på at han er uskuldig, sa Barlinn.

Ho meinte retten må ta omsyn til at det er ein rimeleg tvil i saka – og hevda også at politiet ikkje hadde vore objektiv nok.