Det har laurdag ettermiddag vore ei trafikkulukke på Eid. Det skal ha vore to bilar involvert, og det skal ha vore fire personar i bilane.

Når smp.no snakka med Sogn og Fjordane politidistrikt klokka 14.15 hadde dei enno ikkje mykje informasjon om ulukka. Politiet var på staden då, men om ambulanse hadde kome fram var ikkje sikkert.

- Det eg veit er at det er snakk om at ein av dei fire personane skal ha smerter i eit kne, fortel Sunniva Dybvik, operatør ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

I ei oppdatering frå Sogn og Fjordane politidistrikt klokka 14.45 kjem det fram at ei jente på åtte år er sendt til Eid sjukehus for kontroll.

Den eine bilen som var involvert i ulukka skal ha kome køyrande ut frå ein sideveg.