Vi kjenner alle nokon - eller kanskje er du ramma sjølv - med eit engasjement for sportslege prestasjonar som går utanpå dei fleste andre.

Slik har det alltid vore for Hildur Gjersdal frå Volda.

Då ho var på besøk med dottera under herrenes langrennsstafett fredag , måtte ho sjølvsagt følgje med på konkurransen - og resultatet går no sin sigersgong på sosiale medier.

  • Sjå klippet over artikkelen - trykk for å sjå i større format

– Det er så morosamt

Dottera Hanne filma mora under innspurten og fekk lov å legge det ut på si Facebook-side. Laurdag føremiddag hadde klippet meir enn 20.000 visningar og var delt fleire hundre gonger.

– Eg vert litt gira og misser litt kontrollen, men det bryr eg meg ikkje om. Det er så morosamt, seier Hildur til smp.no.

Her kan du sjå thriller-innspurten på stafetten i reprise

Fotballaget Hødd og damelandslaget i handball er mellom favorittane, men også langrenn og skiskyting står høgt på lista.

– Eg likar eigentleg all slags sport, men kan ha det heilt forferdeleg når det blir så spanande. Eg blir oppgira og hausar meg opp, og kan vere nervevrak allereie før det startar, forklarar Hildur.

– Men eg har det bra etterpå altså. Eg er ein heilt vanleg person, men vert lett reve med, forklarar ho.

Les alt om ski-VM her

– Kan vere langt verre

Mor og dotter Hildur og Hanne saman. I helga er dei saman med familien for å feire mora sin 65-årsdag. Foto: Privat

Sunnmøringen som er busett i Austefjorden, er i helga på Østlandsbesøk for å feire sin eigen 65 årsdag. Og det var under eit besøk hos dottera, Hanne, i Drøbak at det populære klippet vart filma fredag.

– Mamma har alltid vore slik, og vi synst det er berre morosamt. Og det kan gå langt verre for seg enn på dette klippet, seier Hanne Gjersdal Johansen lattermildt til smp.no.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Hamna på tv-skjermen

Hanne avslører også at det ikkje er første gongen mora ha fått merksemd for idrettsgleda i ein større samanheng.

Då  favorittlaget Hødd vann NM-gull i 2012, enda ho på tv-skjermen i fyr og flamme.

– Då vi ungane var mindre, var ho mellom anna med bror min rundt då han spelte fotball for Volda. Ho var like engasjert då, og det var ikkje alltid like populært, seier dottera.