– Som eit skjebnens ironi. Men vi hadde kjempeflaks, seier tobarnsmora.

Ragnhild Steinsvik frå Dalsfjorden i  Volda (35) sat ved rattet i bil nummer fire - som dundra inn i raset sør for Matre i Hordaland søndag ettermiddag.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Med i bilen hadde ho mannen Anders Grimsrud Eriksen, sønene Lars (2) og Sverre (5)  og mora Bjørg Paulsen. Dei hadde vore heime i Steinsvika inst i  Dalsfjorden og feira nittiårsdagen til bestemora.

Heile fjellsida losna

Turen heimover mot  Bergen søndag gjekk fint trass uveret, heilt til heile fjellsida losna i Romarheimsdalen søraust for Matre.

– Eg ante massane som kom dundrande ned frå høgre. Eg bråbremsa, men vart feia over i motsett køyrefelt og så vart det bom stopp. Og mørkt, fortel Ragnhild Steinsvik til Sunnmørsposten dagen etter rasdramaet.

Les også: Fleire bilar tekne av snøskred

Frontruta var pulverisert. Med harde spark frå innsida fekk sjåføren etter kvart opp døra og kom seg ut.

– Eg forstod umiddelbart kva som hadde skjedd - vi var nesten dekte av jord- og snømassar. Bilane framfor oss var heilt borte. Eg sprang instinktivt mot bagasjeluka for å finne varme klede til gutane, fortel Ragnhild.

Sonen blødde

Mannen Anders hadde no fått med seg Sverre (5) og Lars (2) ut av bilkupeen, saman med bestemor deira  Bjørg Paulsen.

– Minstemann Lars blødde frå munnen, men det var heldigvis ikkje noko alvorleg. Vi møtte stadig fleire folk, og kom oss snarast muleg lenger  bakover og unna raset, fortel Ragnhild.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

Lite skvetten

Dama som sjølv har vakse opp i inste enden av den to mil lange og til dels ekstremt rasfarlege Dalsfjorden, på begge sider, er ikkje akkurat skvetten.

Alt måndag morgon var ho tilbake på jobb etter den dramatiske opplevinga.

– Eg har jo vakse opp med fonnfare så det held. Ofte køyrde skuleskyssen fram til eit ras, og vi venta medan det vart rydda, før vi vart stoppa av neste ras. Same greia der. Men aldri nokon gong har eg sjølv vorte teken av ras. Det måtte eg altså ut av heimefjorden for å oppleve, konstaterer Ragnhild Steinsvik med ein viss ironi.

– Heldige

Ho jobbar til dagleg i barnevernet. No er ho sæleg glad for å ha kome velberga med eigne born og familie, ut av ein kritisk situasjon.

– Dette kunne gått så mykje mykje verre. Det er lett å innsjå for alle oss i dei fire bilane som vart tekne av massane, innser Ragnhild.

Ikkje før var dei komne velberga ut av bilen og bakover mot resten av bilkøen, før tilrop om fare for nye ras fekk folk til å springe og rygge vidare bakover under stort stress.

– Vi var så heldige å få plass i bilen til ei kvinne i køen, heile gjengen. Ho var åleine i bilen og hadde god plass og varm bil. Vi fekk også med oss bagasjen frå vår eigen bil, og dermed var det ingenting som stod på for oss, konstaterer Ragnhild.

Vraket av familiebilen vart naturleg nok ståande att i raset, medan familien vart frakta i buss frå området forholdsvis raskt. Via lange omvegar kom dei seg etter kvart heim til Bergen.

Voldingen Ragnhild Steinsvik hamna i raset saman med familien søndag. Her er ho saman med mannen Anders Grimsrud Eriksen og sønene Lars (2) og Sverre (5). Foto: Privat
Det vart sett i verk ein større bergingsaksjon i den uoversiktlege situasjonen rett etter skred kom.