Ola Einang (til venstre) har sett det meste innan snøaktivitetar, fjell og fjellklatring – også internasjonalt. No er han uroa over at det ikkje vert teke nasjonalt tak i å utdanna autoriserte fjell- og turistførarar. – Med den utviklinga vi no ser i turisme og aktiv fjellbruk, er eg mykje uroa for konsekvensane dersom det er uautoriserte førarar som skal prege marknaden, seier Einang. Her er han avbilda på Strynefjellet saman med studentar ved friluftliv, Høgskulen i Volda.
(Foto: Anne Mari Tomasgard)

Ola Einang (til venstre) har sett det meste innan snøaktivitetar, fjell og fjellklatring – også internasjonalt. No er han uroa over at det ikkje vert teke nasjonalt tak i å utdanna autoriserte fjell- og turistførarar. – Med den utviklinga vi no ser i turisme og aktiv fjellbruk, er eg mykje uroa for konsekvensane dersom det er uautoriserte førarar som skal prege marknaden, seier Einang. Her er han avbilda på Strynefjellet saman med studentar ved friluftliv, Høgskulen i Volda. Foto: Anne Mari Tomasgard

Etterlyser ei nasjonal turistførarsatsing

– Eg vil ikkje kalle det cowboytilstandar – enno. Men Norge er det einaste alpelandet utan krav til turistguidar.

Dette seier Ola Einang, lærar ved natur- og kroppsøvingsseksjonen ved Høgskulen i Volda (HVO). Einang er ikkje minst kjent som klatrar og fjellmann sjølv, ein ressursperson i miljøet. Formelt er han også president i Nortind – Norske Tindeveiledere – som kvalifiserer høgfjellsførarar etter internasjonale standardar.

Kritisk

Einang er kritisk til at norske myndigheiter ikkje syner interesse for å få etablert sertifiseringsordningar for dei som tek ansvar med å føre turistar til fjells.

– Eller til fjords og langs vegar for den del. Vi snakkar om ei sterkt ekspanderande turistnæring innan naturoppleving, men utan at myndigheitene ser ut til å ville ta satsinga, mulegheitene og fallgruvene i dette feltet på alvor, konstaterer Ola Einang. Han fortel at fleire forsøk har vore gjort.

Strengt

Einang viser til at i dei andre europeiske alpelanda rår det til dels svært strenge kriterium og sertifiseringar for den som vil ta jobb med å føre grupper av turistar til opplevingsturar i naturen.

– Frankrike er vel landet som har teke dette mest på alvor. Der kan du faktisk risikere fengselsstraff viss du tek med deg folk ut i terrenget utan å ha dei kravde kvalifikasjonar på plass, opplyser Einang.

Han meiner det er på høg tid å ta problematikken med useriøse guideaktørar på alvor.

Seriøsitet

– Innanfor turistbransjen har det alt vore halde fleire seminar om temaet, og der det etter mi oppleving er stor semje om å satse på seriøsitet og utdanna folk i guidebransjen, opplyser Einang. Han understrekar at han ikkje siktar berre til dei meste spektakulære tindeturane, men kanskje i like stor grad det som går føre seg i anna lende.

– Når det gjeld klatring og ekstremturar veit dei fleste kva som må til for å ta laust.

– Men det må vere like sikkert å ferdast andre plassar i den norske naturen. Ein autorisert guide skal vite kvar ein kan ferdast utan rasfare og anna fare. Dette vil også gjelde fjordturar og kva som helst type guida ferdsel i naturen, hevdar Ola Einang.

Han meiner at først med felles autorisasjonskrav til dei som tek det store ansvaret med å leie folk ut i norsk natur, vil bransjen kunne reknast som seriøs.

Samarbeid

Dagleg leiar i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre, Geir S. Vik, seier seg svært nøgd med initiativet frå Høgskulen i Volda når det gjeld utdanning av naturguidar.

– Ja, heilt klart. Før helga hadde vi det første av fleire møte med HVO om dette temaet, som siglar opp til å bli svært viktig, understrekar Vik. Han meiner det vil vere stort behov for kvalifiserte folk som kan sikre gode naturopplevingar på eit breitt nivå.

– Dette gjeld ikkje berre sikkerheit, men også det å kunne formidle kunnskap om fauna, topografi og natur generelt.

– Det vil igjen auke opplevinga og sikre endå større ekspansjon i turismen hit til våre kantar, trur Vik.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Guidesatsing
  • Hovudorganisasjonen Virke og reiselivsdirektør Hilde C. Solheim har teke initiativ til nasjonal regulering av guidekvalifisering.
  • Har danna «Bransjeforum for Guidevirksomhet» i Virke.
  • Nytt studium ved Høgskulen i Volda frå hausten 2015: «Naturguide» med 20 studieplassar.
  • Norge manglar krav til sertifisering av naturguidar.
  • EU arbeider med standard.
<strong>Velkome:</strong> Dagleg leiar Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre helsar HVO sitt utdanningsinitiativ hjarteleg velkome – og vil gå inn i eit nærare samarbeid. Arkivfoto: Roger Engvik
(Foto: Roger Engvik)

Velkome: Dagleg leiar Geir Steinar Vik i Destinasjon Ålesund og Sunnmøre helsar HVO sitt utdanningsinitiativ hjarteleg velkome – og vil gå inn i eit nærare samarbeid. Arkivfoto: Roger Engvik Foto: Roger Engvik

Det norske alpelandskapet verkar som ein magnet på utlendingar som vil oppleve norske dalar og tindelandskap. Her Snøhornet i Volda.
(Foto: Knut Arne Aarset)

Det norske alpelandskapet verkar som ein magnet på utlendingar som vil oppleve norske dalar og tindelandskap. Her Snøhornet i Volda. Foto: Knut Arne Aarset

Leses nå
 

Forsiden nå:

Helgapraten:

Jobba som studentkamerat i 30 år

Rolf Viddal (57) jobbar med trivsel og velferd for studentar i Ålesund. Sjølv trivest han så godt at han har hatt same jobb i 30 år.

Ålesund:

Vil la Fisketorget skjenke øl og vin

Rådmannen mener at spisegjestene på Fisketorget Delikatesse bør få muligheten til å drikke øl og vin til maten.

Politiet ber folk ta ansvar:

Beruselse og støy

Natt til lørdag hadde politiet nok å gjøre med flere meldinger om beruselse og feststøy i Ålesundområdet.

Brattvåg:

Krasjet inn i parkert bil

Tidlig lørdag morgen rykket nødetatene ut etter melding om en bil som hadde krasjet inn i en parkert bil.

NTNU Ålesund:

Hadde landets mest misfornøyde sykepleiestudenter - slik skal NTNU løse problemstudiet

Over lang tid har misnøye vokst fram blant sykepleiestudentene i Ålesund. – Det har vært mye frustrasjon.