I alt 14 fartsflygarar, eller speedflyers som dei heiter i den internasjonale terminologien, skapte stor underhanldning under bygdefjellet Rotsethornet i Volda laurdag.

Etter ein flygetur frå toppen som varer i berre eit par minuttar, er det sjølve landinga som er det mest spektakulære i denne sporten, som er ny grein av året under X2-Festivalen. Dei råaste utøvarane har ei draging på nærare hundre kilometer i timen før dei steilar opp den vesle skjermen og landar kontant.

- Fantastisk moro å kunne vere lokal arrangør og verskap for dette, seier Volda sine flygande Marius'ar, Marius Bech Dahle og Marius Bøstrand.

Det er dei to som landar først i filmsnutten frå Aarflot-garden under Rotsethornet.

Sjå også: Bilda frå XSkate-konkurransen fredagLes også: Luringen som lurte X2 (smp+)

Godskjelven. Foto: Knut Arne Aarset
Mariusane Foto: Knut Arne Aarset