Like før klokka tre natt til søndag vart ein person anmeldt for å ha urinert utanfor ein bensinstasjon i Volda, og ein annan person vart ein dryg halvtime seinare anmeldt for å ha urinert ein annan stad i Volda.

Låste av lokale og stoppe heimefest

Eit arrangement i Ulsteinvik vart kring klokka to stoppa av politiet grunna mistanke om ulovleg skjenking.

Sjå også: Rusa mann kasta metallrekkverk

Fleire personar vart vist bort frå staden, og lokala vart låst av.

I Sykkylven vart ein heimefest med høg musikk avslutta av politiet klokka halv fire.

Se også: Skrensa i rundkjøringa på Moa

Ding-dong-stikk

I Herøy fekk politiet melding om at ein person fòr rundt og ringte på dører i Forsnavåg – og stakk av. Dei søkte etter personen utan å finne vedkomande.