Det har vore ei trafikkuhell i Ørsta torsdag ettermiddag. Dette melde Sunnmøre politidistrikt på Twitter klokka 16.45.

- Ja, det har vore eit trafikkuhell i Ørsta, men det ser ut til at det går bra med dei involverte. Det er snakk om at ein har vondt i ein fot, seier John Bratland, operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt.

Ambulanse vart rutinemessig tilkalla og politiet var på staden. Uhellet skjedde i Håkonsgate.

Sunnmøre politidistrikt hadde klokka 17 ikkje oversikt over kor mange som var i bilane.

Ein av bilførarane fekk førarkortet kverrsett etter brot på vikeplikta.