Tysdag kveld rykka naudetatane ut etter at det var full fyr i ein komfyr i ein bustad i Brandal. To utanlandske bebuarar som var til stades i leilegheita vart tatt med til lege for sjekk.

Etter det Vikebladet/Vestposten erfarer er leilegheita utleigd til same person som budde i huset som vart totalskadd i brann 9. juni. Dette kan politiet stadfeste.

– Begge dei to som budde i leilegheita budde også i det andre huset som brende, seier Leif Arne Mork hos lensmannen i Hareid og Ulstein.

– Og ut frå dei opplysningane vi har i dag kan det også sjå ut som at det er liknande brannårsaker, seier Mork til Smp.no.

Politiet har tidlegare opplyst at brannen 9. juli oppsto i samband med bruk av smultgryte.

Dei tekniske undersøkingane på den første brannstaden er fullført, men politiet har ingen ferdig rapport.

– På den andre brannstaden har arbeidet med den tekniske etterforskinga ikkje starta, seier Mork dagen etter brannen.

Mork er likevel ganske sikker på at ingen av brannstiftingane er bevisste handlingar.

– Ut frå det vi veit i dag er det ingenting som indikerer at desse brannane er forsettleg påtent.