Det fortel operasjonsleiar Kenneth Sætre til Sunnmørsposten.

Ein av gutane blei slått med ein motorsykkelhjelm. Gjerningsmannen sprang frå staden, men identiteten er kjent for politiet.

Like før klokka 23 torsdag kveld vart den fornærma frakta til Volda sjukehus i ambulanse.

Varslar foreldra

Ørsta-Volda lensmannskontor sette i gang etterforsking av saka fredag.

– Gutane sin unge alder er grunnen til at vi må ta avhøyr på dagtid i dag, seier Sætre.

– Foreldra til gutane må varslast og få anledning til å vere til stades under avhøyret, fortel han.

Fleire vitne

Ifølgje operasjonsleiar Sætre var det vitne til hendinga.

– Det var fleire vitne til hendinga. Dei blir truleg også avhøyrde om det som skjedde, seier Sætre.

Lensmann i Ørsta og Volda, Guttorm Hagen, fortel til Sunnmørsposten fredag ettermiddag at dei har etterforska saka ferdig.

– Vi ser alvorleg på saka og har prioritert den høgt. Likevel kan det sjå ut som om hendingsgangen var noko mindre alvorleg enn kva første meldinga gjekk ut på, seier Hagen.

Slått med hjelm

– Det har vore ei ordveksling mellom gutane, kor så ein av dei blei slått to gonger med ein motorsykkelhjelm. Det blei ikkje brukt full kraft, og guten blei ikkje slått ned, seier lensmannen.

15-åringen blei tatt med til nattlegevakt for sjekk.

– Her blei det ikkje konstatert skade, og guten blei sendt heim, seier Hagen.

Følgt opp vidare

No blir saka følgt om opp som ei legemsfornærmelse utan skadefølgje.

– Den blir handtert slik den skal gjere når det er ein mindreårig gjerningsmann, seier lensmannen.

Illustrasjon.