– Det er veldig lite som tyder på at det er diktatur i Herøy. Dei som ber om ordet får det, og eg meiner vi lyttar så godt vi kan. Arbeidarpartiets Per Kristian Furø, for eksempel, har hatt mange endringsframlegg, seier Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr (H).

Han har vore ordførar i 12 år.

Les meir om kritikken her: Utan tillit til partifelle og Herøy-ordførar

Kritisk

Ordføraren avviser at han har bløffa om Gjerde i lesarinnlegget i Vestlandsnytt 16. juli og Sunnmørsposten på fredag.

– Utan å såre Richard Gjerde så står eg for det eg skreiv. Eg har vore i kontakt med gruppeleiaren vår som i går snakka med varaordførar, men heller ikkje han hadde fått med seg at eit tredje namn vart nemnt som forslag til styremedlem i Sunnmørsbadet.

Gjerde forlèt no politikken.

Les også: Nedvask i Sunnmørsbadet ASLes også: Goksøyr fekk flengande kritikk frå styreleiar

– Eg har oppfatta at Richard Gjerde lyttar til andre personar som han meiner er meir truverdige enn det eg er. Det må eg berre leve med og då må han også leve med dette, seier Goksøyr.

I lesarinnlegget der Gjerde uttrykker mistillit mot Goksøyr seier han at han blei klubba ned då han kritiserte Sunnmørsbadet.

– Eg klubba ikkje ned Gjerde, men gav han ikkje ordet då han ikkje var spørsmålsstillar. Viss eg hadde gitt han ordet ville det vore brot på kommunestyret sine eigne reglar, seier ordføraren.

Les også: Herøy kommune berga økonomien i fjor

Badeland

Goksøyr tar sjølvkritikk på rolla si i Sunnmørsbadet.

– Eg støttar kritikarane mine i at eg ikkje burde ha vore styreleiar i Sunnmørsbadet. Eit slikt prosjekt kjem eg aldri til å ta på meg igjen. Punktum. Men eg meiner innsatsen min var avgjerande for å få løyst prosjektet, og no er det ein kjempesuksess, seier han.

Openheit

Kritikken mot manglande openheit har ført til endringar i rutinane til Herøy kommune.

– Av og til kom det epostar frå folk som ikkje kjente til offentleglova. Når eg gav beskjed til dei om at epostane kunne bli offentleggjorde så bad nokre om at eg då såg vekk frå epostane deira. Desse blei ikkje journalført. Eg beklagar dersom dette ikkje var i tråd med regelverket. Det var ikkje gjort med vond vilje, seier Goksøyr.

Ifølgje offentleglova har kommunar «plikt til å føre journal» over post og epost som dei tek imot.

– Det er oppretta ei ny epostadresse til ordføraren der alt blir journalført. Eg har kun tilgang til den gjennom fellessekrertariatet. Eg håpar det er tilfredsstillande.

Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr. Foto: Herøy kommune