På rundt 9 månader har lokalavisredaktøren i Ørsta lagt om livsstilen sin totalt. Over 50 kilo seinare ser det ut til at han gjer noko rett.

Men han har ingen magisk kur eller diett på lur for andre som vil gå ned i vekt.

–  Ein må trene og ete rett. For dei som er inaktive, slik eg var, så handlar det om å komme seg ut, seier Rune Sæbønes.

Då han starta å jobbe med å gå ned i vekt var han rundt 150 kilo. Tirsdag var han 94 kilo.

Til TV 2

Tirsdag kveld skal lokalavisredaktøren fortelje om vekttapet på TV2.

–  Programmet går klokka åtte. God Sommer Norge har eit opplegg om å gå ned i vekt, seier Sæbønes.

Då han sjølv gjekk ned i vekt var det viktig for han å ikkje gjere alt aleine.

–  Det er viktig å vere del i eit nettverk, der ein går i lag med andre, meiner han.

Spaserte seg tynn

Han starta vektnedgangen med å spasere og gå på spinning. No for tida er ingen fjelltoppar på Sunnmøre trygge frå å få besøk av Sæbønes.

–  Det er alltid nokon rundt deg som er klar til å stille opp og trene saman med deg, seier Sæbønes.

Om ein skal halde den nye figuren ved like så må ei livsstilsendring til.

–  Ein halde fram å vere aktiv og ete rett, og vite kva ein gjer. Eg held det magert på det jamne, så får ein heller skli ut ein gong i blant, fortel han.