– Folk er raske med å kome seg ut, og det er jo positivt at det er fleire folk på fjellet. Men etter regn treng terrenget ofte fleire dagar på å tørke opp, seier Oddmar Remøy.

I sommar har han hatt som jobb å gjere dei aller nødvendigaste reparasjonane av stien over Rundefjellet, ein sti som i år er breiare og meir gjørmete enn kanskje nokon gong.

60.000 i året

– Før fekk stiane også vinterpause, det får dei ikkje lenger. Delar av stien over Rundefjellet blir brukt av rundt 60.000 i året, ifølgje Remøy.

Ola Betten hos Fylkesmannen var tidlegare i sommar på tur på Rundefjellet.

– Det er veldig dårleg mange stader, stadfester Betten.

Vil vinne erfaring

Betten ser no fram til at det blir bygt meir sti i treverk og stein gjennom naturreservatet på Rundefjellet.

– Utfordringa enkelte stader er at det er bratt. Vi vil gjerne sjå på det ÅST har gjort av arbeid på Rundefjellet i sommar og vinne erfaring gjennom det, seier Betten.

Dette er første gong at fylket byggjer sti gjennom eit naturreservat.

– Veldig bra

– Det ÅST har gjort ser veldig bra ut, ser veldig solid ut. Det ferske treverket lyser litt opp i terrenget, med det vil mørkne etter kvart. Ein slik sti gjer at det ikkje blir slitasje i terrenget, og det demmer heller ikkje opp, slik at naturen kan utvikle seg friare, seier Ola Betten hos Fylkesmannen.

Seinare i haust står ei ny strekning på 8–900 meter for tur. Dette er arbeid som skal ut på anbod.

– Vi satsar på haustarbeid og vil sende dette ut på anbod snart. Det er behov for grøfting, legging av stein og å byggje treverk ein del stader, seier Betten.

Reparerer seg sjølv

Og naturen reparerer seg sjølv berre den får nok ro.

– Over Goksøyrmyra var det tidlegare ei to til fire meter brei moldrås. Då vi sperra av, tok det to år før ein kunne byrje å gå der igjen med redusert trafikk, seier Oddmar Remøy.

Starten på stien over Storemyra på Rundefjellet. I Rongabakkane i bakgrunnen skal det seinare i haust leggjast steinheller. Foto: Gunnar Hansson Haddal / ÅST
Dette bildet er tatt på Rundefjellet i sommar. Foto: Oddmar Remøy
Oddmar Remøy. Arkivfoto: Sunnmørsposten
Ola Betten, seniorrådgjevar hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal, her fotografert på Runde med Grasøyane bak. Arkivfoto: Sunnmørsposten Foto: Arkivfoto